Personvernerklæring for Eine advokatfirma AS

Sist endra: 24.08.2023

Denne personvernerklæringa gjeld for kontorfellesskapet Eine advokatfirma AS. Dette inkluderer også advokat Rune Tysse AS (org.nr. 927 436 914), advokatfirmaet Hvidsten AS (org.nr. 993 496 669), advokatfirmaet Amble AS (org.nr. 996 156 281) og advokat Lene Knapstad AS (org.nr. 922 069 972). Vi er ansvarlege for handtering av personopplysingar som er skildra i denne personvernerklæringa.

Du er alltid velkommen til å ta kontakt med oss dersom du har spørsmål om vår handtering av personopplysingar. Ta kontakt på post@eineadvokat.no eller ring oss på telefon 57 83 71 30.

1. Kven vi handterer personopplysingar om

Vi handterer personopplysingar om deg når du er i kontakt med oss som:

  • Privat klient
  • Kontaktperson i verksemd som er klient
  • Klient i straffesak
  • Kontaktperson hos leverandør og samarbeidspartner

Eller om du:

  • Er omhandla i dei sakene vi handterer
  • Besøker vår nettside

2. Kva er personopplysingar

Personopplysingar er informasjon som direkte eller indirekte er relatert til deg som enkeltperson. Dette kan vere namn, fødsels- og personnummer, bustadadresse, telefonnummer, e-postadresse, sivilstand, helseopplysningar, økonomiske opplysingar, bilete av deg med meir.

Sjå punkt 3 der vi informerer om kva type personopplysingar vi handterer.

3. Personopplysingar vi handterer vi

Her finn du ein oversikt over formåla bak vår innsamling og bruk av personopplysingar, kva personopplysingar det omfattar og grunnlaget for at vi kan gjere det.

a. Etablering av klientforhold: Når vi får spørsmål om å ta eit oppdrag, kontrollerer vi først internt om oppdraget kan medføre interessekonflikt opp mot tidlegare eller noverande klientar og pågåande saker. Det er nødvendig for å følgje reglar om god advokatskikk. Dette er eit legitimt formål og har grunnlag i GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav f (vekting av interesser). For privatpersonar omfattar dette som regel fullt namn og kva saka gjeld. Generelt sett vil ikkje konfliktsjekk på vegne av verksemder medføre handtering av personopplysingar.

Ved etablering av eit klientforhold gjennomfører vi kundekontroll i samsvar med reglane i kvitvaskingslova. Kundekontrollen er nødvendig for å oppfylle våre rettslege plikter etter kvitvaskingslova, jf. GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav c.

Dersom vi tar på oss oppdraget, registrerer vi kontaktinformasjon. Dette er nødvendig for at vi skal inngå ein oppdragsavtale med privatkundar, jf. GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav b. For verksemder er grunnlaget for registrering av kontaktinformasjon ei vekting av interesser, jf. GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav f og vil også vere nødvendig for å inngå og oppfylle avtalen med verksemda, jf. GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav b.

b. Sakshandtering: Advokatoppdrag gjer at vi får tilgang til personopplysningar om partar eller andre enkeltpersonar som er omfatta av ei sak. Slike opplysingar kan komme av dokument vi får frå klienten eller anna korrespondanse i saka. GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav b (nødvendige for å oppfylle avtalen med den registrerte) er generelt behandlingsgrunnlag både for privatklientar og for verksemder.

Handteringa av personopplysingar ved oppdrag for verksemder kan i tillegg ha grunnlag i GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav f (vekting av interesser). I nokre saker får vi også tilgang til sensitive personopplysningar, til dømes helseopplysningar eller straffedommar og lovbrot. Handteringa av desse opplysingane er lovleg etter GDPR artikkel 9 nr. 2 bokstav f (handteringa er nødvendig for å fastsette, gjere gjeldande eller forsvare eit rettskrav), jf. personopplysingslova § 11.

c. Kunnskapsforvalting: Vi er ei kunnskapsbedrift og opprettar malar over enkelte avtalar og standardiserte dokument. Malane inneheld ikkje saks- eller personopplysingar. Det kan likevel vere oppdrag der vi brukar tidlegare dokument for å løyse nye oppdrag av liknande karakter, når vi ikkje har standardiserte malar. Vi vil då slette alle personopplysingar frå det opphavlege saksdokumentet. Grunnlaget for dette er interessa klientar og firmaet har i å nyttiggjere tidlegare arbeid og kunnskap i vidare rådgiving, jf. GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav f (vekting av interesser).

d. Klientadministrasjon: Vi opprettar eigne saksmapper for oppdraga vi utfører for klientar. Tidsbruk og kostnader i saka blir registrert i vårt saksbehandlingssystem. Dette er nødvendig for å oppfylle avtalen vi har med våre klientar og er lovleg etter GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav b både for verksemder og privatklientar. I tillegg er vi pålagt ved lov å handtere personopplysingar, til dømes for å oppfylle krava i rekneskapslova. Slik handtering av personopplysingar er lovleg etter GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav c.

e. Lagring og oppbevaring av saksdokument: Vi lagrar normalt saksdokument i 10 år etter at oppdraget er avslutta. Slik lagring er vurdert som nødvendig av omsyn til både klienten og for vår eigen del, fordi det i ettertid kan dukke opp spørsmål eller ein tvist der informasjonen som er lagra i ei sak på nytt blir aktuell. Grunnlaget for dette er GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav f (vekting av interesser) og GDPR artikkel 9 nr. 2 bokstav f (fastsette, gjere gjeldande eller forsvare rettskrav), jf. personopplysningslova § 11. Opplysingane vil kunne bli lagra i meir enn 10 år dersom vi har lovleg grunnlag for det og det er nødvendig med fortsett lagring av personopplysingar. Til dømes for å kunne oppfylle reglar om god advokatskikk, sjå over i punkt 3 bokstav a.

f. Fakturering: Kontaktopplysingar til fysiske personar hos verksemder som er klientar blir brukt for å merke faktura som blir sendt dersom klienten ber om dette. For privatkundar, brukar vi privat postadresse eller e-postadresse for å sende ut faktura. Behandlingsgrunnlaget er GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav b (nødvendige for å oppfylle avtalen med den registrerte).

g. IT-drift og tryggleik: Personopplysingar som er lagra i våre IT-system vil kunne vere tilgjengelege for oss eller for våre leverandørar ved oppdatering av system, implementering eller oppfølging av tryggingstiltak, feilretting eller anna vedlikehald. Behandlingsgrunnlaget er GDPR artikkel 6 nr. 1 f (vekting av interesser, jf. vår legitime interesse ved desse aktivitetane) og vår rettslege plikt til å ha tilstrekkeleg informasjonstryggleik, jf. GDPR artikkel 32 og 6 nr. 1 bokstav c.

4. Kven vi deler personopplysingar med

Advokatar har teieplikt og brot på teieplikta er straffbar etter straffelova § 211. Alle opplysingar som blir gitt oss i samband med eit oppdrag blir handtert konfidensielt.

Vi utleverer ikkje personopplysningar i andre tilfelle eller på andre måtar enn dei som er skildra her med mindre klienten ber om det, samtykker til det eller dersom utleveringa er lovpålagt.

5. Dine rettar

Ta kontakt med oss dersom du ynskjer å:

Trekke samtykke tilbake: Dersom du har samtykka til handtering av personopplysingar, kan du når som helst trekke samtykke tilbake.

Be om innsyn: Du har rett til innsyn i kva personopplysingar vi har registrert om deg, med mindre teieplikta er til hinder for dette. For å sikre at vi utleverer personopplysingar til rett person kan vi krevje at du ber om innsyn skriftleg eller at du identifiserer deg.

Be om retting eller sletting: Du kan be oss om å rette opplysingar om deg som er feil, unødvendige eller utdaterte. Du kan også be oss slette opplysingar vi har om deg. Vi vil ikkje rette opplysingar vi eller vår klient meiner er riktige. Vi kan heller ikkje slette personopplysingar vi er pålagt eller treng å lagre, sjå punkt 3.

Dataportabilitet: Du kan be om å få dine opplysingar utlevert for å overføre desse til ein anna advokat eller firma (dataportabilitet) dersom dette er praktisk mogleg og i samsvar med norsk rett. Dersom det er teknisk mogleg og avtalt både med mottakar og klient, kan vi ved enkelte høve overføre opplysingane direkte til det andre firmaet.

Klage til tilsynsmyndigheten: Dersom du er ueinig i måten vi handterer dine personopplysingar på, kan du sende ein klage til Datatilsynet.

6. Endringar i personvernerklæringa

Vi kan gjere mindre endringar i denne. Siste versjon finn du på vår nettside. Ved vesentlege endringar vil vi varsle deg om dette dersom vi har kontaktinformasjonen din.

7. Kontakt oss

Dersom du har spørsmål eller kommentarar til vår personvernerklæring eller du vil bruke dine rettar, kan du ta kontakt med oss:

Eine advokatfirma AS
Pb. 471, 6803 Førde

E-postadresse: post@eineadvokat.no
Telefon: 57 83 71 30