Pris

Vi har konkurransedyktige prisar, som varierer ut frå fagfelt og kompetanse.

Vi søker fri rettshjelp frå det offentlege eller rettshjelpsdekning frå forsikringselskap for deg, dersom det er aktuelt.

Under finn du informasjon om

Timepris

Vi tar normalt betalt for den tida vi brukar på saka di og fører 15 minutt som minste tidseining.

Våre timeprisar er frå kr. 1800 til kr. 2500 per time (2250 – 3125 inkludert mva).

Ta kontakt for nærare informasjon om timeprisen for di sak.

Fast pris

For enkelte typar oppdrag kan vi avtale fast pris på førehand.

Vi tilbyr fast pris for

  • Enkle testament, samlivsavtalar og ektepakter; kr. 8 000 (10 000 inkludert mva).

Fri rettshjelp

Det offentlege gir fri rettshjelp i enkelte typar saker. Då treng du i hovudsak ikkje betale for advokat
sjølv. Vi rettleier deg og vurderer om du kan ha krav på fri rettshjelp.

Fri rettshjelp er økonomisk støtte frå det offentlege til juridisk rådgiving (fritt rettsråd) eller til å føre ei sak for domstolen (fri sakføring).

I enkelte saker kan du få fri rettshjelp uavhengig av di inntekt og formue. Dette gjeld mellom anna i barnevernssaker, tvungent psykisk helsevern og om du som valdsoffer krev erstatning frå gjerningspersonen.

I andre saker må du ha inntekt under inntektsgrensene i lova for å få fri rettshjelp. Dette gjeld mellom anna i familiesaker, oppseiing eller utkasting frå bustad og oppseiing eller avskjed frå arbeidsforhold.

Inntektsgrensa for fri rettshjelp er kr. 350 000 i brutto årsinntekt for einslege og kr. 540 000 for ektemakar og andre som bur saman med felles økonomi. Formuegrensa for fri rettshjelp er kr 150 000. Fylkesmannen og domstolen kan ved enkelte høve gjere unntak frå reglane om inntekts- og formuegrense.

I dei fleste saker med fri rettshjelp må du betale ein eigendel.

Mange får advokat (forsvarar og støtteadvokat/bistandsadvokat) betalt av det offentlege i straffesaker. Det betyr at vårt arbeid er gratis for deg.

Mistenkt, sikta og tiltala

Den sikta har ofte rett på forsvarar betalt av det offentlege. Dette gjeld alltid ved varetektsfengsling og i dei fleste saker etter at det er tatt ut tiltale for retten. I stadig fleire saker får mistenkt/sikta også forsvarer betalt av det offentlege under politiets etterforsking av straffesaka.

I saker der det offentlege ikkje betaler for forsvarer må du betale for eventuell forsvarar sjølv. Omfanget kan variere frå ein times rådgiving til meir omfattande hjelp, sjå informasjon om våre timeprisar.

Krenka (offer/fornærma) eller etterlatne

Den krenka eller dei etterlatne i ei straffesak har ofte rett på støtteadvokat (bistandsadvokat) betalt av det offentlege. Dette gjeld særleg i dei mest alvorlege sakene om drap, vald, mishandling i nære relasjonar (familievald) og seksuelle overgrep. Det offentlege betaler for støtteadvokat på alle stadia av saka: Før saka er meldt til politiet, under politiets etterforsking, i rettssak for domstolen og i erstatningssak mot gjerningspersonen.

Rettshjelpforsikring

Dei fleste privatpersonar har forsikring, til dømes forsikring på innbu, hus eller hytte. Slike forsikringar inneheld ofte rettshjelpsforsikring. Dersom saka (tvisten) er omfatta av forsikringa di kan du ha rett på gratis advokathjelp.

Vi kontaktar forsikringsselskapet ditt for deg og søker om rettshjelp dersom det kan vere aktuelt. Du må sjølv opplyse kva forsikringsselskap du bruker.

Medlemsavtalar KNA og MA

Advokat Amble er tilknytt advokat for bilistorganisasjonane Kongelig Norsk Automobilklub (KNA) og MA – Rusfri Trafikk. Er du medlem i ein av desse organisasjonane får du rabatt.

Den rabatterte prisen vert fastsett av organisasjonen.