Familie- og arverett

God juridisk hjelp til planlegging og gjennomføring av arv eller samlivsbrot er konfliktdempande.

I saker mellom familiemedlemmer er det viktig å finne løysingar som ikkje skapar konflikt. Ved å planlegge fram i tid kan du unngå nettopp det. Vi kan hjelpe deg med å opprette sambuaravtale, ektepakt, framtidsfullmakt og testament.

Vi gir juridiske råd og hjelp ved økonomisk oppgjer (skifte) etter samlivsbrot mellom sambuarar og separasjon eller skilsmisse mellom ektemakar. Dersom du har barn kan vi hjelpe med spørsmål om foreldreansvar, dagleg omsorg (fast bustad) og samvær for barn.

Vi gjennomfører privat og offentleg skifte av dødsbu (bustyrar).

Kontaktpersonar

Alle advokatane i Eine arbeider med familie- og arverett. Ta kontakt, så finn vi den eine advokaten du treng.

BESØKSADRESSE

Hafstadvegen 21,
6801 Førde

Gravensteinsgata 19,
6856 Sogndal

Sjå kart

Hafstadvegen 21,           Gravensteinsgata 19,
6801 Førde                     6856 Sogndal

Sjå kart