Strafferett

Forsvarar for privatpersonar eller næringslivet og støtteadvokat (bistandsadvokat) for offer og etterlatne etter straffbare handlingar. Eine advokatfirma har både fast støtteadvokat (bistandsadvokat) og fast forsvarar blant sine medarbeidarar.

Forsvarar for mistenkt, sikta eller tiltala

Å vere involvert i ei straffesak er normalt ei stor påkjenning. Dersom du er i politiets søkelys i ei straffesak bør du ta kontakt med ein advokat. Du står fritt til å velje den advokaten du sjølv ynskjer og har alltid rett til å ha med advokat i avhøyr hos politiet.

Gode juridiske råd er nyttig frå saka startar, under politiets etterforsking og ved behandling i domstolen. Vi har dyktige advokatar som sørgjer for at dine rettar blir ivaretatt på alle steg i saka.

Er du usikker på om du har rett til forsvarer betalt av det offentlege? Ta kontakt eller sjå vår informasjon om fri rettshjelp i straffesaker.

Støtteadvokat for offer og dei etterlatne etter straffbare handlingar

Om du er utsett for vald, overgrep eller andre straffbare handlingar kan juridisk hjelp og støtte vere med å lette ein vanskeleg situasjon.

Vi kan gi juridiske råd og hjelp om du vurderer å melde ei sak til politiet, vere med deg til politiet når du skal forklare deg og i domstolen under rettssaka. Når det er aktuelt, vil støtteadvokaten kreve skadebot (erstatning) på vegner av offeret.

Er du usikker på om du har rett til støtteadvokat betalt av det offentlege? Ta kontakt eller sjå vår informasjon om fri rettshjelp i straffesaker.

Kontaktpersonar